Eksport av ferskvatn frå Tafjord. Innleiande konsekvensanalyse for marint miljø
2024
Golmen, Lars Gunder | Saesin, Pipatthra | Vabø, Ørjan Sørstrønen | Kvalsund, Karsten
Prosjektleder: Lars Golmen
Show more [+] Less [-]Tafjord Kraftproduksjon AS planlegg eksport av ferskvatn frå Tafjord på Sunnmøre. Eksporten vil skje med tankskip på 50.000-150.000 tonn og lasting tentativt ein gong pr veke. Land i Sør-Europa, Nord-Afrika og Midtausten som hyppig opplever tørke, er aktuelle importørar av vatnet. Uttaket blir 6-9 mill m3 pr år, motsvarande 1-1,5% av den normale årsnedbøren i nedslagsfeltet. Tafjorden med største djup på over 200 m er markert ferskvasspåverka med eit tydeleg brakkvasslag om sommaren. Fjordmiljøet verkar vere bra. Fjorden er del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Føreliggande rapport omtalar miljøtilstanden i Tafjorden og indre Storfjorden, samt skipstrafikk og næring der. Det er lite trafikk i Tafjorden og betydeleg trafikk inn mot Geiranger, der cruiseskip og ferjer dominerer i sommarhalvåret. Eit tillegg på eitt tankskip i veka vil gje lite utslag i trafikken i Storfjorden men vere visuelt merkbar i Norddalsfjorden/Tafjorden. Tankskipstrafikken og uttaket av ferskvatn av nemnde storleiksorden vil neppe få merkbare følgjer for sirkulasjon og økologi i Tafjorden og Storfjorden.
Show more [+] Less [-]Tafjord Kraftproduksjon AS
Show more [+] Less [-]publishedVersion
Show more [+] Less [-]AGROVOC Keywords
Bibliographic information
This bibliographic record has been provided by Norwegian Institute for Water Research