Precision-regulation of tree growth and crop loads in apple
2021
Maas, Frank | Myren, Gaute | Meland, Mekjell
Denne rapporten omhandlar resultat frå feltforsøk med epletre i vekstsesongane 2016 - 2020 ved NLR Viken i Lier og NIBIO Ullensvang. Føremålet med dette prosjektet var å stimulera til auka produksjon av norske eple med god fruktkvalitet dyrka på ein effektiv måte. Det vart gjennomført feltforsøk med kjemisk tynning under blomstringa og på karten med bruk av ulike bioregulatorar, mekanisk tynning med maskin under blomstringa, rotskjering med kniv påmontert traktor, utprøving av vekstregulatoren Regalis og gjødselvatning til to eplesortar. Kontrollert gjødseltilføring med epletre i potter i plasthus vart gjennomført ved Nibio Særheim. Målsetjinga heile tida var å gjera forsøk med miljøvennlege teknikkar til å gjødsla epletre optimalt for å auka den generelle fruktkvaliteten og heva andelen av årleg klasse 1 kvalitet. Dessutan var det viktig å nytta bærekraftige metodar for å redusere skotveksten og regulera avlinga i trea for å oppnå rett fruktsetjing under norske vilkår.
Afficher plus [+] Moins [-]publishedVersion
Afficher plus [+] Moins [-]Mots clés AGROVOC
Informations bibliographiques
Cette notice bibliographique a été fournie par Norwegian Institute of Bioeconomy Research
Découvrez la collection de ce fournisseur de données dans AGRIS